Dans for voksne: LEMUR med gjester og Hvizdalek/Fetveit

[Bilde]

«KARYOBIN — the imaginary birds said to live in paradise»

Konsert av og med
LEMUR med Tanja Orning, Guro Moe, Neil Davidson og Sue McKenzie
Agnes Hvizdalek og Harald Fetveit

Cc: 100 kr. Kun kontant!

Denne kvelden held Lemur med fire ekstra musikarar noregspremiere på verket Karyobin. Verket vart urframført i Glasgow i februar 2016.

LEMUR er eit improviserande ensemble, men óg på ein måte sitt eige forskningsinstitutt. Dei forskar stendig på improvisert musikk og eigne improvisasjonsmetodar. Dei utviklar musikken sin blant anna gjennom samarbeid eller undersøking av andres idear, verk og metodar. Slik har dei vore innom James Tenneys “Critical Band” og Stockhausens “Microphonie” som båe har vore utgangspunkt i utviklinga av eigne, sjølvstendige rekontekstualiseringsverk.

KARYOBIN er namnet på ei plate frå 1968 av det laust ihopsette Spontaneous Music Ensemble (John Stevens, Evan Parker, Kenny Wheeler, Derek Bailey, Dave Holland). Arbeidsforma dei hadde ligg ikkje langt unna den til dagens Lemur, som har lete seg inspirere, og no har rekontekstualisera Karyobin og undersøkt ensemblespelet som sosial konstruksjon.

LEMURS KARYOBIN er laga for eit større ensemble, og har som eit sentralt prinsipp at dei musikalske elementa byggjer på ei felles forståing for samhandling i gruppa, meir enn spesifiserte musikalske avgrensingar. Saman med Glasgow Improvisers Orchestra, Great Learning Orchestra, Islands symfoniorkester og N ensemble har dei hatt høve til å utvikle slike samspeløvingar med utvida besetning. Grunnlaget for det dei presenterar denne kvelden er ein serie av prosessar mellom Lemur og utøvarane. Sjølve konserten er improvisert.

Lemur er: Hild-Sofie Tafjord: flygelhorn, Lene Grenager: cello, Bjørnar Habbestad: fløyte og Michael Duch: kontrabass
Gjester frå Glasgow Improvisors Orchestra: Neil Davidson: gitar og Sue McKenzie: sax
Gjester frå Oslo: Tanja Orning: cello og Guro Moe: bass

*
AGNES HVIZDALEK OG HARALD FETVEIT har spila samen i ei årrekkje: Hvizdalek med sin særeigne abstrakte vokalmusikk, og Fetveit med handbygde elektroniske instrument. Det er aldri effektar på stemma. Likevel ligg stemma og elektronikken tett innmed einannan i klangbiletet, og det er kanskje i dette intime sambandet mellom det elektroniske og det organiske at musikken hentar mykje av spenninga. Sjølv om dei heller ikkje ottast ytterpunkt: frå det rått eksplosive til det som knapt kan ensast.

*
Lemur spilar i Bomuldsfabrikken I Arendal neste dag.

Legg til ekstern kalender…