Lanseringsfest for Kraftsentrum nr. 4

Du trudde du skulle noko anna torsdag kveld. Men du skal nok lære litt om Arnulf Øverland i staden.

Alt for mykje stygt er sagt om Arnulf Øverland dei siste tiåra. På 50-talet var han tidas Gud, i dag er han redusert til ein promp i pensumlitteraturen. Kraftsentrum nr. 4 tek på seg oppgåva å teikne eit meir nyansert bilete av den gamle diktarhovdingen.

Resultatet er ikkje eintydig, men det er god lesnad. Her kan du mellom anna lese eit langt og uhyggeleg interessant intervju med Henning Hagerup, der Øverlands liv og litteratur blir stilt i skarpt relieff. Hege Myklebust, leiar for Noregs Mållag, skriv om Øverlands Sprog og usprog frå ein målpolitisk ståstad. I tillegg er det som vanleg også artiklar som ikkje handlar om hovudtema.

Forfattarane Olaug Nilssen og Gunnhild Øyehaug er redaktørar for tidsskriftet, men i den fjerde utgåva har den eminente Jon Øystein Flink vikariert for Gunnhild.

………………………………………………………………………………………………………………………………..

PROGRAM

  • Jon Øystein Flink gjer ein hurtiglesnad av Kraftsentrum nr 4.
  • Olaug Nilssen les sin tekst “Kva om du stupte død ned i denne augneblinken?”
Legg til ekstern kalender…