Lansering av Marit Eikemos SAMTIDSRUINAR

[Bilde]

Vi lanserer Marit Eikemos nye bok på Mono!

Gjennom å oppsøke ulike bygg og anlegg som står til forfalls, freistar Marit Eikemo i Samtidsruinar å seie noko om Norge i dag, og vår nære fortid. Boka er ein essayistisk dokumentar og spenner frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania i sør. Undervegs er ho innom Skuibakken, Odda Smelteverk, Ekofisk og den psykiatriske kirkegården på Valen — mellom anna. Eikemo har eit temperamentsfyllt blikk for rikdomen i spor og detaljar, og for alle samantreff i livet.

Dette er skarpe, vittige og utålmodige essays, men også ei bok om det å leve og elske og miste.

Knut Hoem intervjuer forfattaren. Andreas Segrov speler.

Legg til ekstern kalender…