DORTMUND BODEGA PRESENTERER - MENNESKET KJEM FRÅ HARDANGER
fredag 6. mai 2011 kl. 20:00 på Dortmund Bodega
Solfrid Aksnes (f.1953)
Svein Nå (f.1944)
Leander Djønne (f.1981)
Lars Korff Lofthus (f.1978)
Kurator: Lars Korff Lofthus
Utstillinga samlar fire kunstnarar med tilknyting til Hardanger. Solfrid Aksnes og Svein Nå er kunstnarar som har sitt daglege virke i Hardanger. Begge har lange karriærar bak seg. Leander Djønne bur og arbeider i Oslo, men er oppvaksen i Odda i Hardanger og har gjennomført fleire av prosjekta sine der dei seinare åra. Lars Korff Lofthus har nyleg busett seg i Hardanger etter fleire periodar i Bergen og Berlin.
Snittalderen på kunstnarane ligg over det som er vanleg for denne typen visningsstader. Utstillinga presenterer ein tese om at enkeltverka til dei vaksne kunstnarane i liten grad skìl seg frå arbeidet i til yngre kunstnarar i meir urbane miljø.
Historisk sett kjem alle frå Hardanger. Du kjem frå Hardanger. Den norske kunsthistoria kjem frå Hardanger. Gjennom nasjonsbygginga vart Hardanger representant for den estetikken som vart gjeldande som Noreg sitt sanne andlet. Fjordlandskapet , fruktbløminga, fjell, bla bla bla.
Kunstnarane i Hardanger er organiserte i eigne uavhengige nettverk, dei har eigne residence-ordningar i utlandet, eigne stipend, eigne kunstnarbustader og eksklusive workshops som utanforståande aldri får vite om.