FETT: Sleppfest med Stanley Brinks & The Kaniks

Sommarnummeret til Fett er å finne i kioskar og butikkar no, og vi feirar med konsert og fest!

I dette nummeret kan du mellom anna lese tekster og intervju av Mathias Danbolt, Ragnar Hovland, Liv Skotheim og Sigrid Bonde Tusvik. Vi har essay om Tina Fey, humor og kjønn og Rihanna. Dessutan har vi snakka med Femen i Ukraina og vore på Miss White Trash-kåring i Portland. Tove Pettersen, førsteamanuensis i filosofi, har vorte intervjua om kvinner sin plass i filosofihistoria og korleis voldtektsfrykten brukast i valkampen. Ja, og så er det mykje meir sjølvsagt!

Vi er supernøgde med å få med oss fantastiske Stanley Brinks & The Kaniks featuring Freschard for å feire Fett.

Om bandet: Stanley Brinks & The Kaniks er ei forrykande nyetablering anno 2010, sett saman av Stanley Brinks (a.k.a. André Herman Dune frå kultbandet Herman Dune) og medlemmar frå Bergen Mandolinband og I Was A King. Dette er ei underleg og uvanleg bra samansetning av filharmonisk søkjande sjeler som formidlar vakker, kompromisslaus musikk på tvers av seg sjølv. Dette er antifolkens folkemusikk – eit anti-antifolk manifest!

Legg til ekstern kalender…