ProSalong Bergen: Kjærleik og utruskap (debatt)

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) inviterer til debatt:

Wencke Mühleisen og Frode Thuen
Kjærleik og utruskap

Møteleiar: Hilde Danielsen

  • Kan ein tenke utruskap som ei positiv erfaring?

Alle parforhold kan rammast av utruskap, og mange blir det. Derfor er utruskap ein erfaring som finst side om side med den offentleg aksepterte kjærleiken.

Kan ein tenke utruskap som ei positiv erfaring? Kan ein sjå annleis på forhold enn det ein vanlegvis gjer? Trass større mangfald i seksuelle relasjonar og nye rom for lyst og begjær, verkar heteronormative familieverdiar og seriemonogamiet som ideal og norm inn på dei fleste seksuelle relasjonar.

Wencke Mühleisen, medievitar ved Universitetet i Oslo. M. er ei kjend kjønns- og seksualitetsforskar som stadig stiller spørsmål ved korleis ein tenkjer kjønn og seksualitet i Noreg. Ho er aktuell som redaktør av den nye boka Kjønnsforskning. Ei grunnbok, der ho blant anna skriv om kjønn og seksualitet. Korleis seksuelle handlingar vert tolka, ordna og organisert.

Frode Thuen, professor i psykologi ved Universitetet i Bergen kom i vår ut med boka Utro. Om kjærlighetens bakgater. Her tek han opp utruskap, men kjærleiken og parforholdet er naturleg nok viktige emne i boka. Thuen er ein profilert familieforskar som har arbeidd særleg med samliv og foreldreskap.

Dette er det første møtet til det nyoppstarta debattforumet ProSalong, drevet av NFF. Det kommer til å ha formidling og diskusjon av aktuell, bergensk faglitteratur som felt. Neste møte, i november, kommer til å ha midt-østen, utenrikspolitikk og islam som tema.

Legg til ekstern kalender…