Dei seksuelle nevrosane til foreldra våre
I perioden onsdag 29. august 2012 — lørdag 15. september 2012 på Det Norske Teatret i Oslo (10 forestillinger)
Kven er eigentleg normal? I Dei seksuelle nevrosane til foreldra våre av Lukas Bärfuss møter vi Dora, ei ung kvinne som vaknar opp frå ein barndom prega av psykisk kontroll og nervemedisinar. Naiv og uskyldig skal ho starte på vaksenlivet, men samfunnet er ikkje førebudd på den vaknande Doras møte med verda. Ho er ustyrleg, lever utan hemningar og har ein umetteleg seksuell appetitt.
Til å opne hausten på Scene 3 har Det Norske Teatret henta ein registudent frå Dramatiska Institutet i Stockholm for å setje opp Lukas Bärfuss Dei seksuelle nevrosane til foreldra våre. – Da eg las teksten første gongen, stilte eg meg spørsmålet om det ikkje var til det beste for alle at ho blei sterilisert, seier registudenten, Carl Johan Karlsson. Han ser fram til å gå i gang med Bärfuss` tekst, om korleis vi får vere seksuelt eksplisitte, offentleg og privat.