Tilbod kr. 100 for Underskog: ZOO på Scene 2
onsdag 5. september 2012 kl. 20:00 på Det Norske Teatret og seks andre tidspunkter
Gjeld datoane 1/9 kl. 18 og 4/9 kl. 20. Billett kjøper du i billettluka vår!
Du går i treningsstudio, på loppemarknad, på singelfestar, på klubb, på ski, på vinsmaking. Du tar kurs, går på seminar, byrjar på yoga, går tur med hunden, reiser til framande land, får deg ny jobb. Alt for å bryte keisemda i det einsformige livet. Men kven er du? Er det alle dei sosiale situasjonane du involverer deg i som definerer deg?
Skodespelar Kyrre Hellum byggjer seg eit hus av nokre sponplater. Det tar ikkje lang tid før Joachim Rafaelsen bankar på for ein liten prat om vêr og vind. Har han hund? Er han eit dyremenneske?
Slik startar ein underleg samtale mellom dei to skodespelarane, som til tider utartar seg til frykteleg morosame scener, og tidvis pinlege og ubehagelege. Sosiale kodar blir testa ut og misforståtte. Kva vil dei eigentleg med kvarandre? Under overflata lurer eit eksistensielt, mørkt tomrom.
«..et gjennomført uttrykk for tysk regiteater» skreiv Klassekampens kritikar etter premieren på den omstridde publikumssuksessen Unge Werthers lidingar hausten 2010. Framsyninga var regissør Jonas Corell Petersens regidebut. Han er kjend for ein sterk signatur i arbeidet sitt og blir omtalt som ein «rising star». I ZOO har han improvisert og leikt fram teksten saman med skodespelarane. «ZOO er en overraskende morsom forestilling, som samtidig er underfundig og med underliggende mørk tematikk», skreiv Dagsavisens kritikar etter premieren i 2011. På Det Norske Teatret har teamet bak framsyninga fått fire nye veker til å vidareutvikle konseptet der dei forskar i eksistensiell tematikk.