"Fracture Mechanics"

[Bilde]

“Fracture mechanics”, det vil seie det naturvitenskaplege studiet av sprekkdanningar i material, er ei nøye valgt nemning av denne eksperimentelle musikkformen si undersøking av lydens formar og brytingspunkt. At ein her har gitt ordet “fracture” ei lettere semantisk tilspissing er likevel av spesiell betyding. Dei ynskjer å undersøka dei grunnleggande ideane rundt musikk og framføring gjennom uortodokse utrykk, som brötzmannske stønn og dörnersk ventilasjonstrommesurr.

Fire menn tek utfordringa; Lucio Capece, tysk-argentinsk bassklarinettist med iver for både Chain Reaction-tekno og Wandelweiser-asketisme. Burkhard Beins, legendarisk Echtzeittrommis og Joy Division-fan. Martin Küchen, saksofonpreparant og baguettbakar, og sist, men ikkje minst, Paul Vogel – ein av dei drivande kreftene i den vitale, men altfor ofte forbisette irlandske improvisasjonscenen.

Gå ikkje glipp av sjansen til å oppleve nokon av Europas mest tonegivande profilar når det kjem til utforskinga av trommeskinnsskraping, presis gurgling, konseptuell statisk lyd, analogsynthputtring, ultraminimalisme, svampgnikkande zithers og blåseinstrument som er plukka ifrå kvarandre.

Fractured Mechanics:
Burkhard Beins (TYS): percussion
Lucio Capece (ARG): soprano saxophone, bass clarinet, electronics
Paul Vogel (IRL): electronics, clarinet
Martin Küchen: saxophones, radios!

Legg til ekstern kalender…