Ingvild Lilletvedt Nordstoga albumdebuterer 24. januar

Du har sikkert sett henne – kvinna med kaffikoppen. Rik på livserfaring – ung nok til eventyr. Ho har sete der lenge. Kva tenkjer ho på?

På Ingvild Lilletvedt Nordstogas debutalbum finn me musikk med element frå pop, viser, jazz og bossa-nova.
Det musikalske uttrykket er reint og enkelt. Tekst og musikk er forteljande og biletskapande, og kan gjerne utfordre pop-musikkens formspråk og låtlengde. Lydbiletet er akustisk og ope og tek vare på det umiddelbare og nære i song og formidling. Musikken trekkjer vekslar på nordisk visetradisjon – og er samstundes vakker og iøyrefallande popmusikk.
Tekstene er kvardagsbetraktingar – det store i det små. Tanke, draum og røynd – i eit kvinneperspektiv over ein einsam kaffikopp.
Bli med inn – på den minste cafeen.

Plata er spela inn januar 2013 i Lydriket i Bergen.
Innspelt av: Erlend Fausk
Miksa av: Daniel Birkeland (Havnelageret Studio)
Mastra av: Sonovo, Stavanger
Produsert av: Helge Lilletvedt"https://www.facebook.com/events/1462945030599010/?fref=ts":https://www.facebook.com/events/1462945030599010/?fref=ts

Legg til ekstern kalender…