Kabaret Makaber konsert på MIR

Kabaret Makaber speler bygdejazznoir med kjærleik for det vonde,skakke og burleske. Med stort sjangerspenn blir innadvendte sørgeballader blanda med ekstatisk swing. Bandet er samansatt av marimba, bariton- og altsaksofon, bass, trommer og vokal. Tekstane svømme rundt i eit forvanska og burlesk univers der Gud er død og Djevelen kjem på kaffibesøk på søndagskveldane. Her køyrer busser uten sjåfør ut av haustmørket. Austeuropeiske gravferdsagentar danser vals med daudingar og jenter som ikkje greier slutte danse får føtene kappa av i eit siste forsøk.

Kabaret Makaber spelar sin første konsert i hovudstaden på MIR 15.mars. kl21
70,- inngong

Ta på deg dei raude skoi, og gøym spriten i asfaltbuskene utanfor. Rist forrige fest ut or pelsjakka, ta på deg dei finaste plastikkdiamantane du har og gjer deg klar for apokalypso og Kabaret Makaber.

makaber.no/lyd

Legg til ekstern kalender…