Crab is Crap + Ståle Storløkken

[Bilde]

Crab is Crap var opprinnelig tufta på idéen om at det kanskje kunne lagast fin musikk med kun to trommesett.

Resultatet blei veldig varierande; stygt, sangbart, dronete, eksperimentelt, dansbart, i det heile tatt; det meste den musikalske uttrykkspaletten har å by på.

crabiscrap.tumblr.com

Bandet består av Øyvind mørk og Øyvind lys, folkeregistrerte som Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde, lettast adskilt gjennom fargen på hårmanken. Begge er kjende frå ein rekke konstellasjonar innanfor det improviserte landskapet, med utgangspunkt i at alt kan skje, og der normer og reglar vert høfleg og respektfullt oppheva.

For anledninga har dei med seg gjest som er med og utvider duoen til trio-format. Tidlegare har Håkon Kornstad og Kjetil Møster vore med på ein rekke konsertar. Denne gongen er altså Ståle Storløkken med i den improvisatoriske verdnen til Crab is Crap.

Trioen spelt debutkonserten sin ved Nattajazz i 2013, og gjekk samtidig i studio og spelte inn sin fyrste fullengdar som dei no er rundt å turnérar med.

Legg til ekstern kalender…