LILLESALEN KONSERTSERIE PRESENTERER: Too Sund - Jazzlinja ved Sund på turné

I år som i fjor (og året før) har Lillesalen konsertserie gleda av å presentere årets kull med jazzstudentar frå Sund folkehøgskole.

Jazzlinja ved Sund har tatt i mot og sendt vidare svært mange av Norges største og beste musikarar og den årlege turnéen held som regel eit skremmande høgt nivå.

Det blir som vanleg variert program og fleire ulike konstellasjonar som står på scena i løpet av kvelden.

Dette er vanlegvis den mest tettpakka og intense kvelden i året for Lillesalen, og vi ser ingen grunn til at det skal vere noko mindre schwung i år!

Pga. forventa oppmøte er denne konserten flytta frå Lillesalen til Klubbscenen (nede på Chateau Neuf).

Cc: 100,-/gratis (ikkje-medlem/medlem)

Vel møtt!

Legg til ekstern kalender…