Ila Auto & Earlybird Stringband på Basar!

Bakkjens Basar – Bluegrass Spesial

Ila Auto & Earlybird Stringband er dei to ledande banda innan bluegrassjangeren her i landet, og det er to band med mange fellestrekk. Dei er båe to bygd opp som tradisjonelle bluegrassband i høve besetning og instrumentering, dei spelar land og strand rundt, dei likar å stå rundt ein stereomikrofon, dei spelar inn platene live og dei starta opp med engelske tekstar, men fann etterkvart ut at norsk egnar seg særs godt til blågras.

Ila Auto starta opp i 2005, og med deira form for bluegrass, inspirert av m.a. Bill Monroe og Flatt & Scruggs og eigne referanser i baklomma, etablerte dei seg fort i toppskiktet av norsk musikkliv. Debutalbumet ”If you keep pickin’ it might never heal” kom ut i 2006 og resulterte i spellemannspris i countryklassa! Snaue to veker etterpå spela dei som demoband på By:Larm, truleg det einaste med spelemannspris i bagasjen. Etter den tid har dei gjeve ut to fullengdarar til, ”Over the next hill” i 2008 og ”Ila Auto” i 2010.

Det svært hardtarbeidande bandet har sidan oppstarten spelt hundrevis av konsertar for store og små publikummarar over heile landet, vann publikumsprisen under ”European World of Bluegrass” i Nederland 2011 og har spelt på Slottsfjellfestivalen kvart år sidan 2006. Våren 2014 kjem dei ut med ny plate, og smakebitane frå den plata får du på Bakkjens Basar!

Matias Hilmar Iversen, vokal, gitar
Stein Are Fevang, dobro, vokal
Kay Arne Sulutvedt, banjo, vokal
Kristoffer Iversen, kontrabass, vokal
Kai Henrik Ryen, mandolin, vaskebrett, fløyte, skarptromme, vokal.

Earlybird Stringband starta opp i 2005 og slepte si tredje plate, ”Lassofolk” hausten 2013, ei plate som hausta gode kritikkar frå både presse og publikum, ei plate som blandar blugrass med norsk folkemusikk på ein original og fortreffeleg måte. Lassofolk vart av ein eller annan grunn ikkje nominert til spelemannsprisen, men både den sjølvtitulerte ”Earlybird Stringband” frå 2010 og ”Blindsides” frå 2011 vart tildelt den æra.

Musikken til morgonfuglane vekslar mellom det vare og ømme til det intense og heseblesande livet me kjenner i kroppen når skikkeleg bluegrass strøymer frå høgtalarane. Earlybird Stringband vart kåra til Europas nest beste bluegrassband under ”European World of Bluegrass” i Nederland i 2010 og har blitt kåra til publikumsfavorittar under Risør Blugrassfestival fleire gonger.

Erlend Viken – fele
Christian Skaugen – dobro, koring
Olav Christer Rossebø – mandolin
Hans Martin Austestad – banjo, vokal
Sebastian Haugen – kontrabass, koring

Meir info: www.riksscenen.no

Legg til ekstern kalender…