Røvarane

I februar får du billett til Røvarane til 225,- kr. (Ord. pris er 320,- kr.) Tilbodet gjeld 22., 25., 27. og 28. februar ved kjøp via nett – www.detnorsketeatret.no. Bruk kampanjekode DM2014.


Sist var det Goethes Unge Werthers lidingar for Regissør* Jonas Corell Petersen*, no er det Friedrich Schillers ungdomsstykke Røvarane som er utgangspunktet for Petersens innfallsrike regi. Omsetjing er ved Ragnar Hovland.

I Røvarane møter vi Karl Moor som studerer filosofi og lever ei ubekymra studietid med kompisane. Formuen til faren sikrar likevel framtida. Broren Franz er sterkt sjalu, og han lykkast både i å vende faren mot Karl og i å stikke av med kjærasten hans. Karl blir desperat, samlar ein bande røvarar som kjempar for fridom og rettferd. Men ikkje alle i røvarbanden har gode hensikter…

Røvarane er eit ungdomsverk som Friedrich Schiller truleg byrja å arbeide med alt som syttenåring. Fem år seinare, i 1782, blei stykket uroppført, og det skapte galehusliknande tilstander i teatret. Folk hylte og skreik, knytte nevane, framande fall gråtande om halsen på kvarandre, somme svima av, og folk snakka om opplevinga i årevis etterpå.

Med: Oddgeir Thune, Eivin Nilsen Salthe, Kyrre Hellum, Joachim Rafaelsen, Thomas Bye, Silje Storstein, Nils Johnson og Gaute Tønder.

Regi:Jonas Corell Petersen

Legg til ekstern kalender…