Gjennom Lysmuren - Finsk-persisk kulturutveksling

[Bilde]

Gjennom Lysmuren inviterer i dag til finsk-persisk kulturutvveksling.

Fyrste halvparten av kvelden i kveld er me alle finner – rivne mellom ynskjet om å stina torsten som aldri lar seg stilna, kavet etter tilvéra sin svarte utgang og den evige leitinga etter Satumaa, eventyrlandet kor krystallklar sprit klukkar i bekkefara. DJ 500 Kroners Løvbifftallerken diskar opp karelsk kraftkost for urbane husmenn: Finsk tango som med nød og neppe lot seg smugla scootervegen frå Kilpisjärvi til Skibotn. Ingen løvbifftallerken serverast derimot utan gustengul, syndig bernaisesaus, som i kveld representerast av blaserte, finskspråklige coverlåter frå tida då Nokia framleis berre lagde bildekk, sykkelslangar og gummistøvlar. La kompassnåla kvila – Satumaa fins i Maridalsveien.

Deretter sereverer Grautfest smekre ballader frå Persia og heilt sikkert noko frå hans yndlingsland, nemleg omegn.

Med håp om finsk-persisk kjærleik:

Saavutettiin hyvin!/خوش آمد/Vel møtt!

Legg til ekstern kalender…