To rette og to vrange: Strikkedilla og bøkene som skapte henne

Nasjonal strikkekveld blei sendt på NRK i fjor med 1,3 millionar sjåarar og stor interesse frå utlandet. Strikkebøkene sel i bytter og spann. Likevel blir dei gløymde på festivalar og litteraturhus og når fine prisar skal delast ut. Dei er sjeldan tema for litteraturarrangement; NFF freister bøte på dette ved å arrangere Noregs første strikkesalong 26. mars!

Mange meiner at Marius-strikkeboka (Juritzen, 2012) starta strikkebylgja som no skyl over landet. Redaktør og forleggjar Arve Juritzen kjem for å snakke om korleis boka blei til og avsløre kva som blir det nye heite innan strikk, etter Marius. Heidi Grønvold og Anna Enge står bak det suksessrike Pickles-konseptet, og vil fortelje korleis dei har erobra strikke-Noreg med eigne mønster og garn. Kristin Wiola Ødegård jobbar på den anerkjente strikkebutikken Tjorven Garn på Majorstua. Ho er aktuell med boka Strikk med raske pinner (Gyldendal). Ordstyrar: Kristine Isaksen, formidlingsansvarleg i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF).

Ta med strikketøy og småpengar til drikke!

Prosalong: To rette og to vrange!
Når: Onsdag 26. mars kl. 19.30-21.30, dørene opnar kl. 19.
Kor: Hos NFF i Uranienborgveien 2, med inngang frå Parkveien. Eitt steinkast frå Litteraturhuset!
Enkel servering (kun kontant betaling)

Gratis adgang, ope for alle!

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…