Framtidsombodet vol. II KICK-OFF!

Spire kjempar vidare for eit framtidsombod denne våren!

Me vil ha ein politisk uavhengig institusjon som skal vera talerøyr for framtidige generasjonar i dagens politikk. Det er fordi politikarane våre løyver bort matjord til IKEA, leitar etter nye oljefelt i staden for å leggja til rette for grøne arbeidsplassar og somlar med kollektivutbygging. Me er lei av at framtidige generasjonar alltid trekkjer det kortaste strået. Me treng eit framtidsombod som kan gjera noko med dette og me treng det no!

Onsdag 26. mars feirar me lanseringa av Framtidsombodet vol. II til rytmane til Leif and the Future og Mmm. I tillegg kjem fjorårets Brageprisvinnar Ruth Lillegraven for å dela dikt med oss, Hanna Marcussen held appell på vegner av Miljøpartiet de Grønne, og Arne Johan Vetlesen vil fortelja om kvifor framtidige generasjonars røyster bør bli høyrde også i dag.

Velkomne!

Legg til ekstern kalender…