Forbrytelse og straff. Hennum, Vetlesen, Fossum og Grøndahl

«Forbrydelser, […] en række f., der er betegnet som almenfarlige, og hvis kjendetegn kan siges at være, at derved let kan foraarsages tab af menneskeliv, skade for sundheden eller udstrakt ødelæggelse af fremmed eiendom.» (Aschehougs leksikon, 1903–13)

[Bilde]

Kva er eigentleg eit lovbrot, kven er lovbrytarane, og når meiner samfunnet ein kryssar grensa mellom moral og umoral? Set me folk i fengsel fyrst og fremst for å hemne offera, eller for å verje samfunnet mot nye lovbrot?

Professor i strafferett Ragnhild Hennum har jobba i feltet mellom jus og kriminologi og fordjupa seg i korleis straff står i høve til lovbrot, men også korleis ho står i høve til folkemeininga elles. Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen har mellom anna forska på dei etiske aspekta ved lovbrot og på vondskapens vesen. Karin Fossum er ein av våre fremste krimforfattarar, og gjennom bøkene hennar kjem det til uttrykk ei stor innsikt i og interesse for psykologien til både gjerningsmenn og offer.

No møter dei tre poet og jurist Cathrine Grøndahl til samtale om forbrytelsen. Som fast forsvarar og bistandsadvokat i Oslo tingrett har Grøndahl nytta mykje tid saman med forbrytarar, og ho er oppteken av korleis skildring av brotsverk i litteratur skil seg frå røyndomen. Og kva meiner ho så med at ho har ein sympati for avviket?

Det er tid for å nærme seg «forbrytelsen» frå mange ulike hald i Litteraturhusets fyrste Kollokvium, eit tverrfagleg arrangement der ulike fagfelt går i dialog om eit konkret eller abstrakt tema.

Legg til ekstern kalender…