OVERKILL presenterer: Vin og METALL på vinyl

Dei fleste som ikkje kjenner til den merkelege og fascinerande musikksjangeren som går under namnet metall, har nok likevel høyrd om store og kommersielle band som Metallica, Slipknot, Nightwish og Dimmu Borgir.
Dette driv ikkje Overkill på Radio Nova med. I seks år har dei levert obskur og deilig metall, som går utenom den opptraska veg.
For det finst så mykje meir der ute. Band som gjer det for musikken – ikkje for pengar og kjendisstatus. Og det blir best på vinyl. Det finst eit vell av undersjangrar – alle med sitt distinkte lydbilde, sin bestemte misjon, sitt bestemte publikum, og sitt estetiske uttrykk.
Overkill ved Vidar, Jo Grunde og Jonas skal ta publikum med på ei forrykande reise i dei ulike sjangrane og mystiske avleggjarar, i alt frå stonerseig blafrebukseframkallande doom til thrash i eit avsindig tempo. Og vin er jo godt!

Legg til ekstern kalender…