Basar med Bruvoll/Halvorsen og Nordic (S)!

10 år har gått sidan Bruvoll / Halvorsen platedebuterte med den nydelege og lågmælte plata Nattsang på Grappa musikkforlag i 2004. Møtet mellom gitaristen Tore Bruvoll (Hekla Stålstrenga, Annbjørg Lien, Sondre Bratland) frå Tromsø og kvedaren Jon Anders Halvorsen (Dvergmål, Tryllefløyta) vart raskt ein favoritt blant dei nye folkemusikkgruppene tidleg på 2000-talet.

Plata vart fylgt opp av ”Trillar for to” i 2007, ei plate med fleire gjestemusikarar og ein mykje meir åpen og popifisert folkemusikkform. Ei plate som vart lista på P1 og med mykje større kommersielt nedslagsfelt enn debuten, men utan å miste det særeigne i samarbeidet mellom dei to.

[Bilde]

Etter mengder av konsertar i kjølvatnet av ”Trillar for to” i både inn- og utland vart det brått stille rundt duoen. Tore konsentrerte seg om andre prosjekt som Hekla Stålstrenga og Store Norske Gitarkvartett og livnærte seg utover det som freelanser, medan Jon Anders utdanna seg ferdig som doktor og gav etter kvart ut soloplata ”Komme no heim” med tradisjonelt materiale frå Telemark.
No har duoen atter kome seg heim til seg sjølv, så det er berre for gamle og nye lyarar å koma til Riksscenen for å sjå om dei har kome heim for å bli.

Jon Anders Halvorsen – vokal
Tore Bruvoll – gitar, banjo og vokal

Nordic
Nordic er ein av dei mest spennande og innovative gruppene i Sverige på lenge! Kombinasjonen av cello, mandolin og nyckelharpe har på forunderleg vis slått til for fullt, og trioen gjer suksess både i heimlandet og i det store utlandet. Anders Løfberg (cello), Magnus Zetterlund (mandolin) og Erik Rydvall (nyckelharpe) treftest på Kungliga Musikhögskolan i Stockholm i 2004, og der vart kimen til det musikalske samarbeidet grunnlagt.

[Bilde]

Debutplata ”Metropol” kom ut i 2008 til gode meldingar, men det var ryktet deira som liveband og etter kvart oppfylgjaren ”Hommage” frå 2012 som slo opp dørane hjå publikum og presse for alvor.Nordic sin unike miks av svensk folkemusikk, jazz, bluegrass, latino og reggae på ein original samansett instrumentering resulterte i at dei vart kåra til ”Årets samspel” under Folk- och världsmusikgalan 2010 og fekk prisen for ”Beste gruppe” året etter.

Både Anders og Erik samarbeider mykje med norske musikarar. Erik med Olav Mjelva i den kritikerroste duoen Rydvall / Mjelva som mottok Folkelarmprisen i 2013 og Anders som har blitt medlem av gruppa Majorstuen i seinare tid og var med på å lage bestillingsverket deira ”Kvitre” til Førdefestivalen 2013, ei forestilling som fekk ståande ovasjonar. Me gler oss til å oppleva tre strålande svenske musikarar på basaren i mai!

Anders Løfberg – cello
Magnus Zetterlund – mandolin
Erik Rydvall – nyckelharpe

Legg til ekstern kalender…