Inneband jubilerer!

[Bilde]

Inneband har to gongar kunna smykka seg med tittelen “det beste bryllupsbandet i byen” som vinnarar av arrangementet “Den store dansebandduellen”.

Frå mørke avkrokar langs vestlandsfjordane, via mellomalderslott på Fyn og herregårdar i Tyskland har den kaffe og avec-befengte turen gått stødig mot dette tiårsjubileumet i Logen teater. Med seg på scena denne kvelden har bandet eit knippe suvenirar frå åra som har gått, i form av tidlegare konkurrentar, vikarar og gjestemusikantar.

Repertoaret buktar seg gjennom dansbar musikk av all slag frå dei siste femti åra, frå tidlig rockabilly via obligatorisk Creedence og nordiske schlägers til høvesvis moderne popmusikk

Legg til ekstern kalender…