Røvarane

“Røvarane” på Det Norske Teatret – siste framsyning 6. og 7. mai! Bruk kampanjekode 100spesial for å kjøpe billettar på nett til kun kr. 100,-

Kor langt må du gå for å frigjere deg frå alt samfunnet, familie, venner og du sjølv forventar – og kome til kjernen av det som er deg sjølv? I Røvarane på Scene 2 blir unge menneske desperate når dei oppdagar at dei har mista makta over sitt eige liv.

Jonas Corell Petersen går i gang med nok eit tysk klassikarmateriale. Sist var det Goethes Werther, no er det Schillers ungdomsstykke Røvarane som er utgangspunktet for den ferske Heddapris-vinnarens innfallsrike regi. Med seg som scenograf har han Nia Damerell, og musikar er Gaute Tønder, som begge er sentrale medspelarar i fleire av oppsetjingane hans. Deira vågale omgang med Goethes Unge Werthers lidingar i 2010 gjorde stoffet tilgjengeleg for eit yngre publikum og var utgangspunkt for ein større teaterdebatt.

Med: Nils Johnson, Thomas Bye, Kyrre Hellum, Eivin Nilsen Salthe, Silje Storstein, Joachim Rafaelsen, Oddgeir Thune og Gaute Tønder.

Røvarane from Det Norske Teatret on Vimeo.

Legg til ekstern kalender…