Folk på Torsdag: Camilla Granlien Trio

”Jeg har kjent til dette materialet i flere år. Og har nå satt sammen en konsert rundt denne reisen. Det er et stort materiale Lindeman har skrevet ned. Han reiste altså fra kone og barn i Christiania for å skrive ned noen melodier han mente det var riktig og viktig å ta vare på. Det kan ikke ha vært lett, men jeg er han evig takknemlig for at han gjorde det" – Camilla Granlien

Songdronninga Camilla Granlien har arbeid mykje med songskatten i Gudbrandsdalen, og har vore så heldig å få lære direkte av høgst levande kjelder, men og brukt mykje tid på å finne fram noter og gamle opptak. No vil ho presentere songar som vart skrive ned i Gudbrandsdalen for 149 år sidan!

Ludvig M. Lindeman, 1812-1887, organist og innsamlar, skreiv ned ei enorm mengde folkeviser på sine samlarferder rundt om i landet. I 1864 hadde han ei lengre reise i Gudbrandsdalen og samla tradisjonelle viser, bånsullar, ballader og skillingsviser. Det er nydelige melodier og fargerike, rørande historier i songane, men og i Lindemans eigne brev fra Gudbrandsdalen, sendt heim til kone og barn i Christiania. Desse breva fortel om møtet med songarane, men og om omgivelsane, opplevingane på turen og inntrykk frå heile reisa.

Med på konserten er pianist Morten Reppesgård busett på Gjøvik og bassist Jo Skaansar fra Lillehammer. Dette er musikarar med lang erfaring frå jazz -og teatermusikkverda. Alle tre har arbeidd sammen i mange ulike konstellasjonar dei siste åra; Jo og Camilla vant m.a. ope klasse på Landskappleiken på Otta 2012.

Camilla Granlien – vokal
Morten Reppesgård – tangenter
Jo F. Skaansar – kontrabass

www.facebook.com/events/1437888379814748/
www.riksscenen.no/camilla-granlien-trio.5513359-324547.html

Legg til ekstern kalender…