Storm Weather Shanty Choir + We Banjo 3 (Irl) til Bakkjens Basar på Riksscenen!

[Bilde]

WeBanjo3

Det som starta opp som ein banjotrio i Galway utvikla seg etterkvart til å bli eit fyrverkeri av ein kvartett som har vunne prisar i bøtter og spann, og sett fyr på superlativa til presse og publikum over heile verda.To par brødre utgjer WeBanjo3 frå Irland. Det heile starta med at banjolegenda Enda Scahill fann dei to uvanleg talentfulle banjobrørne Martin og David Howley i heimbyen Galway. Etter ei stund som banjotrio fekk gjengen med seg bror til Enda, Fergal Scahill på fele, David gjekk over til å stort sett synge og spela gitar, og verda vart liggjande for deira føter.

Kvartetten har spelt på festivalar og klubbar verda rundt, då særleg i amerika der dei har toppa plakatene på mengder av festivalar dei seinaste åra. Enda Scahill har spelt med grupper som The Chieftains og spelt inn plater med Ricky Skaggs m.fl og er ein av Irlands mest ettertrakta banjospelarar. Bror hans Fergal er ikkje mykje dårlegare med sine meritter som Irish Champion på både fele og bodhran, to utgjevne soloplater samt innspelingar og konsertar med m.a. Martin O´Connor. Martin Howley er ikkje mindre enn sju gonger kåra til All Ireland Champion på banjo, var den fyrste irske banjospelaren som opptrådte på Grand Ol Opry i Nashville og har turnert med m.a The Brock McGuire Band. Yngstemann David Howley er også All Ireland Champion på banjo, men den strålande vokalisten og frontfiguren han er, alderen til trass, har vorte rytmeseksjonen og kompet i WeBanjo3 etter kvart som musikken og uttrykket deira har utvikla seg.

Enda Scahill – Banjo
Fergal Scahill – Fele, Bodhran, mandolin
Martin Howley – Banjo
David Howley – Vokal, gitar, banjo

www.webanjo3.com

Storm Weather Shanty Choir

Shantyar er shantyviser, altså arbeidssongar som vart nytta til sjøs, i rock´n rolldrakt der publikum hiv seg med og syng av full hals – altså noko så merkjeleg som rocka allsong! Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Håkon Vatle som har hovudfag i shantysongar, har SWSC vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan, USA og Tyskland, spelt på alle folkemusikkfestivalar som finnast her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg.

SWSC har gjeve ut fem plater sidan oppstarten og medverka på ein mengd andre utgjevingar, mellom anna med Odd Nordstoga og Purified in Blood, og fekk sjølve med seg legenda Dave Cloud, frontfiguren i bandet The Gospel of Power, til å spela inn The Drunken Sailor. I 2012 vart bandet streama bortimot ein million gonger på ITunes, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantykor!

Håkon Vatle – forsongar
Ronny Sætre – baryton og perkusjon
Rune Nesse – bass og perkusjon
Vidar Vedå – bass og «karaokemaskin»
Roald Kaldestad – lyrisk tenor, mandolin, gitar
Gisle Østrem – lyrisk tenor, concertina

www.shantyk

Legg til ekstern kalender…