Sentrumsløpet 2015

Kvart år inviterer Idrottslaget i BUL til ein folkefest i Oslos gater. Sentrumsløpet har blitt ein tradisjon på Austlandet om våren. I 2014 sprang nesten 10 000 menneske rundt i Oslo sentrum.

Løpet er 10 km langt og for både mosjonistar og eliteløparar. I 2015 har vi utvida med ein 5 km og en spennande DUO-konkurranse. For alle under 12 år har vi barneløp rundt Spikersuppa. Før start spring Noregs beste mellomdistanseløparar Sentrumssprinten langs Karl Johan.

Sentrumsløpet blei arrangert fyrste gong i 1981: 1860 menneske gjennomførte løpet, interessen auka raskt, og berre året etter var det 3600 deltakarar. Sentrumsløpet nådde ein topp i 1988 med nesten 18 000 løparar. Løpet begynner og slutter på Karl Johan og går forbi kjente landemerker som Frognerparken, Rådhuset og Akershus festning.

«Løping er kanskje den mest utbreitte form for kondisjonstrening, og den mest effektive.»

Vi i IL i BUL ynskjer å få fleire folk i god form. Sentrumsløpet kan vere eit godt mål for dei fleste da alle kan klare å gjennomføre ein 10 km – samtidig som det er passe utfordrande! IL i BUL kan også hjelpe deg med å trene til løpet (sjå fana Tren til løpet).

Sentrumsløpet skal også i 2015 bli ein løpsfest for både store og små, med underhaldning, felles oppvarming og mykje moro før, under og etter løpet. Vi håper på masse glade folk både i og langs løypa. Sentrumsløpet handlar ikkje berre om resultat, men også om gleda ved å delta. IL i BUL set fokus på at Sentrumsløpet er eit løp for alle, utan omsyn til alder, kjønn, religion og hudfarge.

- See more at: www.sentrumslopet.no/sentru…

Legg til ekstern kalender…