Politisk streik mot regjeringa sitt forslag om endring av arbeidsmiljølova.

LO, UNIO, YS (og meg) oppfordrar sine medlem (og kjente/kjære/bekjente) til å møte opp framfor Stortinget onsdag 28. januar klokka 14:00 for å markere motstand til regjeringa sitt forslag til endring av arbeidsmiljølova. Endringane vil bl.a bety auka usikkerheit og eit mindre inkluderande arbeidsliv, og vanskeligare liv for øvrig då folk i midlartidige stillingar ikkje vil kunne få huslån og med dette kan falle langt utanfor i til dømes bustadmarknaden.

Vi streikar mot:

  • Auka bruk av midlartidige ansettingar
  • Lengre arbeidsdagar
  • Meir pålagt overtid
  • Søndag som arbeidsdag for fleire

NSB er også med på streiken og markerar dette ved å kjøyre inn til næraste plattform klokka 15:00 og stå der til 16:00. Somme tog kan komme til å bli innstillt i perioden etter 16:00, medan resten kjøyrast og vert behandla som forseinka tog. Det er ikkje mogleg å få alternativ transport då dette er ein streik og ikkje eit avvik. Det er med andre ord like greit å halde seg i hovudstaden og demonstrere, ta seg ei velfjortent demonstrasjonsøl etterpå og tusle heimover seinare enn vanleg. Du kan lese meir om NSB-streiken og korleis du evt. refunderar billettar her

Oslo Distrikt Konduktørforening (ODKF) stillar med ny fin fane ved Stortinget og vert glade om medlem så vel som lekmenn stillar seg bak denne. Dette er ein hyggeleg og jovial gjeng, så det er ikkje farleg å møte opp blandt konduktørar, førarar og anna personell.

God demo!

Legg til ekstern kalender…