Folk på Torsdag: Austestad m/Rentersrente

Forhåndskjøp billetter her:
goo.gl/YdVjrW

Hans Martin Austestad er for mange kjend som banjospelar og songar i bluegrassgruppa Earlybird Stringband. 23. Januar 2015 slepte han sin solodebut «Austestad – Med Rentersrente» på plateselskapet VME.no til særs gode kritikkar.

“Hans Martin Austestad treffer blink på første soloforsøk”
5/6 – Øyvind Rønning/Dagbladet

Musikken er influert av 60- og 70-tallets melodiøse pop/rock giganter, men med bakgrunn som strengespesialist dreg han med seg folk- og folkemusikkinspirasjon til eit eklektisk musikalsk kalas. Tekstene står i sentrum for hans musikalske univers, og dei er på hans eiget morsmål, bastardnynorsk.

På Riksscenen får han med seg eit særs utvida band som inkluderer både blåsarar og strykarar for å presentere musikken, og det er heller ikkje umogleg at kvelden vil by på fleire overraskingar for å gjere fest i lokalene på Schous Kulturbryggeri.

Medverkande i bandet:
Hans Martin Austestad: Vokal, Gitarar
Christian Skaugen: Trommer, perkusjon
Andreas Lønmo Knudsrød: Trommer, perkusjon
Audun Ellingsen: Bass
Bjarne Chr B.B. Gustavsen: Tangenter

Mattis Nikolai Myrland: Vokal, perkusjon
Jan Martin Smørdal: El-gitar
Olav Christer Rossebø: Mandolin, Fele

Lars Frank: Klarinett
Kompen Kristoffersen: Trombone
Hanne Rekdal: Fagott

+ Strykekvartett v/Kaja Fjellberg Pettersen

Forspel:
Darklings (Audun Ellingsen og Wenche Losnegård)

Darklings er eit samarbeid mellom bassist/låtskrivar Audun Ellingsen og vokalist/låtskrivar Wenche Losnegård. Dei jobbar for tida med sitt debutalbum og kjem til Riksscenen med smakebitar fra dette. Det er snakk om popmusikk med mørke understraumar der tunge groovar og mørke klangar balanserar dei lettare melodiane og skaper eit univers som er både fengslande og interessant.

Etterspel:
Marius Graff / Olav Christer Rossebø

Duoen Graff/Rossebø spelar ein spanande blanding av amerikansk og norsk tradisjonsmusikk. Med gitar, mandolin, fele og banjo er uttrykket fundert i ein tradisjonell amerikansk stil, og dei kombinerer instrumentalmusikk med vokale innslag. Dei grensar opp mot bluegrass, og kallar gjerne musikken sin old-time. Men dei fletter også inn element frå norsk tradisjonsmusikk – norske feleslåttar inn i amerikansk folkemusikk – mellom anna norsk polka spelt på claw-hammer banjo.

Meir info:http://www.riksscenen.no/hans-martin-austestad-m-rentersrente.5640432-322117.html

Legg til ekstern kalender…