Full Clach! Frode Grytten Beat Band

Revolusjonsrock! Ein tilstand av sjokk!
The Clash ville vere røysta til ein heil generasjon, dei ville endre verda, dei gløda i fem-seks år, så brann dei ned. Men arven deira er vital og veksande. No i 2015 er det lett å sjå at The Clash var eit band som påverka korleis folk tenkte og som på briljant vis skapte sjølve lyden av endring. Først og framst var dei eit fantastisk band med ei rad klassiske songar. Frode Gryttens roman, Brenn huset ned, fortel ei poetisk historie om bandet. Denne fredagskvelden får Clash-songane klinge fritt. Saman med Pedro Carmona-Alvarez og fullt band vil Grytten gå over songane på ny og vri dei i si retning. Fullt fyr i teltet! Full Clash!

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…