EDDA/voluspå

[Bilde]

Med framsyninga EDDA/voluspå tar kompaniet YMIST. for seg meisterverket Voluspå frå diktsamlinga Den eldre Edda. Ensemblet er sett saman av utøvarar med ulik kunstnarleg og kulturell bakgrunn. I fellesskap tar dei for seg dette norrøne diktet som blir rekna som eit av den nordiske kulturkrinsen sine viktigaste og kanskje mest gåtefulle diktverk. Med utgangspunkt i kvar einskild medverkande sin bakgrunn og refleksjonar rundt diktet, lagar dei ei framsyning som fantaserer kring ein til dels gløymt mytologi. Med fasinasjon for diktets eigenart blir EDDA/voluspå ei framsyning som søkjer å bli like rik og frodig som diktet sjølv.

Voluspå, eller volvas spådom, er truleg skriven ned på 1200-talet og tek for seg dei norrøne mytane om verdas opphav og verdas ende. Volva åtvarar Odin og menneska om at verda – slik dei kjenner henne – er på veg inn i eit komande kaos. Ho fortel at dei øydeleggande kreftene alt er slepte lause og at ragnarok snart vil velta over dei.

Bror skal slå bror
og verta hans bane,
systersøner
slit då slektsband,
hardt er i verda,
horskap mykje,
øksetid, sverdtid,
skjold vert kløyvde,
vindtid, vargtid,
før verda styrtar
skal ingen mann
ein annan skåna.

(Gjendikting Knut Ødegård)

Opplevinga av at ein lever i ei endetid har fasinert og skremt menneska i alle tider. Også i vår tid kan ein få kjensla av at enden er nær om mennesket ikkje tar seg i akt og endrar retning. YMIST. ynskjer å gå inn i denne eksistensielle forvirringa, og gjer det ved hjelp av eit interdisiplinært og internasjonalt ensemble – og til dikt frå vikingtida.

Framsyninga er laga for å bli vist i tradisjonelle forsamlingshus med røter frå ungdomslagsrørsla, og vil dra nytte av dei historiske og arkitektoniske rammene desse husa gir. Framsyninga er eit samarbeid med Nynorskens hus i Oslo. EDDA/voluspå blir også vist i Ål, Bergen og på Stord.

YMIST. består av Erlend Samnøen og Morten Espeland. Til EDDA/voluspå har dei knytt til seg utøvarane Deborah Black (USA), Yanghee Lee (Sør-Korea), Huy Le Vo (Noreg) og Judith Sleddens (Nederland). Nils Jakob Langvik har lyddesign, Evelina Dembacke (Sverige) har lysdesign, Olav Myrtvedt kostymedesign, og Kai Johnsen er dramaturg. I framsyninga vert gjendiktingane til Knut Ødegård og Carolyne Larrington nytta. Plakatdesign: Designjunta.

Speletider:
Nynorskens hus (Oslo) 16. 17. og 18. april, klokka 19.00.
Ungdomshuset Nordvang (Ål) 20. april, klokka 19.00.
Gimle (Bergen) 22. og 23. april, klokka 19.00.
Ungdomshallen (Stord) 24. og 25. april, klokka 19.00.

YMIST. vil takka for støtte Norsk Kulturråd, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Bergesenstiftelsen og Kulturetaten i Oslo kommune har gitt til EDDA/voluspå. Me vil også takka Francesco Scavetta og Vitlycke Centre of Performing Arts for prøvelokaler den første delen av prøveperioden.

Legg til ekstern kalender…