Skogsunderholdning

[Bilde]

I skogsunderholdning blir du invitert med inn i eit scenerom der trea heng opp ned i taket, og tåka ligg tjukt. Kveldens reptilvert guider oss gjennom kvelden og den mangfoldige historia, og utfordrar oss til å ikkje stole på alt vi veit. I mellomtida kokar butleren Carlo blod til reptilverten, for å unngå kollaps.

Skogsunderholdning er ein frodig og burlesk stand up-cabaret, som mest sannsynleg vil etterlate deg med ein følelse av at alt fortsatt er mogleg. Forestillinga hadde premiere i 2008, og vart ein publikumssuksess i fleire byar. I ettertid har forestillinga oppnådd det ein nærast kan kalle kultstatus, og teaterfestivalen er glade for å kunne hente fram denne perla av ei framsyning, til glede og forundring for nye publikummarar.

Skodespelar/dramatiker/instruktør: Lisa C. B. Lie, skodespelar: Ivar Furre Åm, scenograf: Lisa C. B. Lie / PONR (nytolkning av original scenografi fra 2007 av Erik Tidemann), masker: Magnhild Kennedy, lydlandskap: Trygve Brøske/ Lisa C. B. Lie, lysdesign: Yasin Gyltepe, produsent: Aurora Kvamsdal.

Foto: Thomas Sørgård.

Forestillinga er Co-produsert av Teaterhuset Avant Garden, med støtte fra Norsk Kulturråd, Trondheim kommune, Sør-Trøndelag Fylkeskommune, Fond for lyd og bilde. Gjestespillet er støttet av Fond for utøvende kunstnere, UD og Norsk kulturråd.

«Intelligent og humoristisk» (Klassekampen)

«Et overflødighetshorn … berikende … solid porsjon skarp humor» (Scenekunst.no)

«Enkelt, fantasieggende og frodig» (Aftenposten)

Legg til ekstern kalender…