Folk på Torsdag: FIVIL & GUDBRANDSDØLENES SPELMANNSLAG

Vokalduoen Fivil slepper si sjølvtitulerte debutplate på Riksscenen! Bak navnet Fivil, som tyder myrull, finn me kvedarane Kirsti Bakken Kristiansen og Ingebjørg Lognvik Reinholdt. Dei møttest og byrja samarbeidet medan dei studerte på Noregs Musikkhøgskule hausten 2010. Duoen tek utgangspunkt i den norske folkemusikken som tradisjonelt vert framført solo og arrangerer den for to stemmer. Dei leikar med ulike melodivarianter i dette formatet, men let likevel det individuelle særpreget til dei sleppe til i samspelet som oppstår. I Fivil sin musikalske verd er det dei spennande samklangane som oppstår i spennet mellom dei to som vert sett i sentrum. Det er to tradisjonelle uttrykk som smeltar saman til ein form som fremjar og underbyggjer folkemusikkens særpreg i staden for å fjerne seg frå det.

Kirsti Bakken Kristiansen – vokal
Ingebjørg Lognvik Reinholdt – vokal

Gudbrandsdølenes Spelmannslag:
Gudbrandsdølenes spelmannslag dyrkar den rike folkemusikktradisjonen frå dalen som har gjeve laget namn. Med meisterspelmannen Aslak O. Brimi i spissen, har laget freista å lyfte fram det tradisjonelle lagspelet, og sidan byrjinga i 2008 har dei hatt æra av å sigre i lagspelklassa på Landskappleiken – fem år på rad!

I sommar lanserte dei plata “OSLO” med eit stort brøl. Konserten på Riksscenen blir med smakebitar frå plata samt andre gudbrandsdalske godbitar

Dørene åpner 19.30
Konsert 20.30
Billett 180 / 120

[Bilde]

Riksscenen

Facebook

Legg til ekstern kalender…