Folk på Torsdag: DOBBELT PLATESLIPP: BOREAS & MAAR

Plateslepp og festkveld med Boreas og MAAR m/Pål Hausken

Torsdag 17. september 2015 har Boreas og MAAR slått seg saman og inviterar til ein forrykande kveld med felles plateslepp. Det blir servert friske rilar og hamborgarar, ramsalte sjømannsviser og tragiske kjærleikshistorier frå Boreas, og nye groovy låtar med MAAR som denne gongen fått med seg den eminente gjesteartisten Pål Hausken på trommer.

BOREAS – Ein forførande musikalsk samansmelting mellom Skottland og Norge.

Boreas oppstod i 2006 etter eit musikalsk møte mellom felespelarane i bandet. Gruppa har etterkvart vorte ein sofistikert folkemusikkvartett der tradisjonelle og nykomponerte slåttar frå Noreg og Skottland møtest i finurlege, leikne og fengjande arrangement. Dei har turnért både i Noreg og Skottland fleire gonger, og er hausten 2015 klar med si første plate.

Boreas er:
- Britt Pernille Frøholm frå Hornindal på hardingfele. Ho har gjennom ei årrekkje hevda seg i nasjonale folkemusikkonkurransar og vart sommaren 2014 norgesmeister i gamaldans på solo hardingfele. Ho er felespelar i m.a. trioen MAAR, North Pole Experience og Friensemblet i tillegg til å vere soloartist.
-Irene Tillung er trekkspelar frå Voss og spelar i gruppene Tindra og MAAR. Ho er aktiv i mange ulike konstellasjonar og er ein ettertrakta arrangør og komponist. Ho har vore delaktig på ei rekkje plater og har turnert verda over gjennom Rikskonsertane.
-Lori Watson er felespelar og folkesongar frå skotske Borders på nordaustkysten av Skottland og har spesialisert seg på folkemusikktradisjonen frå dette området. Til dagleg underviser ho på Royal Scottisch Academy for Music & Drama i Glasgow der ho også nyleg disputerte med ein doktorgrad i folkemusikk. Ho har gitt ut fleire plater med sin eigen trio Lori Watson & and the Rule of Three, og har med denne trioen turnert mykje i Canada og Europa.
-Rachel Newton er ein av dei unge framadstormande musikarane i Skottland og har etablert seg som ein spennande og nyskapande musikar på den skotske folkemusikkscena. Ho har sine røter frå øyane i den nordvestre delen av Skottland og i tillegg til å spele skotsk harpe syng ho på gælisk. Ho har gitt ut fleire soloalbum og var i 2014 nominert i klassa for årets musikar under Scots Trad Awards.

Lori Watson – vokal, fele
Britt Pernille Frøholm – fele
Irene Tillung – akkordeon
Rachel Newton – skotsk harpe, vokal

MAAR – Folkemusikk i ny drakt

MAAR vev saman kjende slåttar og nyskrivne komposisjonar til eit nytt og felles uttrykk. Musikken er både leiken og luftig, groovy og intens, men har likevel rom for det såre og melankolske. Tillung er kjend for mange frå trioen Tindra, og Brekken frå Hedvig Mollestad Trio. Frøholm har ei rekkje plateutgjevingar bak seg, og vart i 2014 norgesmeister gammaldans i klassen for solo fele/hardingfele.

Gruppa slepp denne kvelden si andre plate og svevar igjen lett og uanstrengt mellom tradisjonalisme og det eksperimenterande. Resultatet er folkeleg og folkemusikalsk urban nyskaping. Denne gong har dei også fått med seg Pål Hausken på trommer, kjend frå grupper som In The Country, Bull Of The Year, Zahl og Music For A While, som òg blir med på scenen denne kvelden. Dei spelte saman for første gong under Hardanger Musikkfest i mai, og kort tid etter sat dei saman i PhatCat Studios i Oslo for å spele inn det nye albumet.

Om Maar sitt debutalbum Vrangsvevd som kom ut i mai 2014 skreiv kritikarane fylgjande:
“De holder et skyhøyt musikalsk nivå uten at det går over hodet på lytteren” under overskrifta “Uforskammet kvalitet” (Morgenbladet)

Britt Pernille Frøholm – fele
Irene Tillung – trekkspel
Ellen Brekken – kontrabass
Pål Hausken – trommer

[Bilde]

[Bilde]

Dørene åpner 19.30
Konsert 20.30
Billett 180/120

Facebook event

Riksscenen

Legg til ekstern kalender…