Folk på Torsdag: THE NORDIC TOUR 2015; ULVSAND & HJETLAND - SUO - THE SECRET CARPET CLUB

Duoen Ulvsand & Hjetland og trioane Suo frå Finland og norsk-svenske The Secret Carpet Club er på turnè i Norden!

Ikkje mindre enn tre nordiske folkemusikkgrupper kjem til Riksscenen og Folk på Torsdag 15.oktober. Dei tre gruppene, med til saman åtte medlemmar, har lagt ein av dei ni konsertane sine på årets nordiske turné til Oslo, og me ser fram til ein super kveld i folkemusikkens teikn. Dei tre gruppene baserer musikken sin på sin lokale folkemusikk og gjev desse låtane, om det er dansemelodiar, kjærleikssongar eller gamle myter og gjev dei nye fargar og nytt liv gjennom friske og moderne arrangement.

Ulvsand & Hjetland (S/DK) kombinerer skandinaviske folkesongar med live-looping, og har med det skapt sitt heilt eige moderne uttrykk, The Secret Carpet Club (S/N) spelar og syng musikk i beltet frå sørvestlandet i Noreg til vestkysten av Sverige med eleganse og energi medan finske Suo grev seg djupt ned i arkaisk runesong og tek dette materialet med seg til samtida med friske arrangement og moderne rytmer.

Velkomne til tre kontemporære nordiske folkemusikkband på ein kveld!

Secret Carpet Club:
Emma Johansson (S) – song, fløyter
Carl Nyquist (S) – fele, bratsj, song
Vidar Skrede – gitar, fele, hardingfele, song

[Bilde]

Suo:
Veera Voima – sogn, kantele, fløyter, perkusjon
Emilia Lajunen – fele, nykkelharpe, song
Roope Aarnio – gitar, song

[Bilde]

Ulvsand & Hjetland:
Jens Ulvsand (S) – bouzouki, loops, song
Jullie Hjetland (DK) – song, loops, autoharpe

[Bilde]


OsloFOLK og Riksscenen samarbeider om Folk på Torsdag, en fast klubbkveld med løs snipp og garantert bra musikk!

Riksscenen

Facebook event

Legg til ekstern kalender…