Jens K sesong 1 - utstilling

[Bilde]
”Dersom det er berre halvparten så gjevande å lesa desse sidene som det har vore å laga dei, så skal eg prisa meg lukkeleg”.

ETTER FEMTEN ÅR BORTE frå teikneseriar så er Jens K Styve meir produktiv enn nokon gong. I hans nye bok er det magekjensla som styrer, det vekslar frå einsidige vitsar, slapstick og poesi til mytiske karakterer, historiske rammer, biljakt og drap. Alt produsert i løpet av vel eit år, ut frå teorien om at det som er gøy å laga også kan bli gøy å lesa.

OM UTSTILLINGA

Serieteket presenterer ei salgsutstilling med trykk basert på figurar og historiar frå boka. Dette er trykk som kun fins i svært begrensa opplag, numerert og signert.

JENS K STYVE (f. 72) er serieteiknar, illustratør og forfattar. Han har gjeve ut romanane Friedland (Samlaget, 2013) og Eg, Ove Kvamme (Cappelen Damm, 2007). Av teikneseriar har han mellom anna gjeve ut boka Du er ein luring, Finn Bjølseth (Jippi, 2000).

Han er fødd og oppvaksen på Hjelmås i Nordhordland, kjenner seg heime både i Bergen og i Oslo. Mest heime er han likevel i Tromsø der han livnærer seg som grafisk formgjevar i Tank Design.

Legg til ekstern kalender…