Folk på Torsdag: SIGRID MOLDESTAD TRIO

Sigrid Moldestad er ein glimrande utøvar både på hardingfele og fele, vokalist, tekstforfatter og låtskrivar. Ho kjem frå Breim i Nordfjord og har beina trygt planta i strøkets friske og utadvendte folkemusikk. Ho har gjeve ut ei rekkje plater i eige namn og turnerar jamt med bandet sitt.
Etter å ha fokusert mykje på nyskriven musikk til m.a tekstar av Jan-Magnus Bruheim siste åra, presenterer ho her sin trio der folkemusikken set endå sterkare preg på uttrykket både i låtvalg og uttrykk.

Trioen består av musikarar ho har jobba tett med i band og på plate og dei debuterte som trio i Aberdeen i vinter: Anders Røine er et sjeldent multitalent. Gitar, langeleik, munnharpe, elgitar er bare nokre av dei instrumentene han brukar – på sin helt egen måte.
Kåre Opheim kjem frå folkemusikkbygda Voss og er ein framifrå utøvar på ulike rytmeinstrument. Mange kjenner han som trommeslager i det mange mener er landets beste live-band: Real Ones.
Saman vandrar dei nokonlunde saumlaust og rytmisk mellom Breim, Valdres, Applachiafjella, Sahara & Voss.

Sigrid Moldestad – song, fele, hardingfele
Anders E. Røine – gitar, langeleik, munnharpe, song
Kåre Opheim – trommer, song


Riksscenen

Facebook event

[Bilde]

OsloFOLK og Riksscenen samarbeider om Folk på Torsdag, en fast klubbkveld med løs snipp og garantert bra musikk!

Legg til ekstern kalender…