Side Brok

[Bilde]

Hip-hopgruppa Side Brok frå Hovdebygda i Ørsta slo gjennom med “1, 2, 3, fyre” i 2003. Året etter gav dei ut debutalbumet “Høge brelle”, som kom på VG-lista og selde masse plater, og gruppa vart kåra til Årets nynorskbrukar. Sidan har dei halde på. I 2013 gav dei ut sitt fjerde og så langt siste album, “H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.”, og dei er framleis svært aktive på konsertfronten, ofte med eit stort orkester i ryggen – eller, som på denne intime Bikubekvelden, som trio.

Runar Gudnason – vokal
Bård Aasen Lødemel – vokal
Pål Olav Loftesnes – beats, tangentar og talkbox

Legg til ekstern kalender…