A christmas gift for you from The Dreamliners & Phil Spector!

A christmas gift for you from The Dreamliners & Phil Spector!
[Bilde]

Tradisjon tru tek The Dreamliners med seg ein haug med gode musikkvener og spelar opp for dykk i førjulstida.

Den legendariske juleplata “A christmas gift for you from Phil Spector” kom på marknaden i 1963, på same dag som president J.F.K. vart skoten. Det seier seg sjølv at den ikkje vart nokon umiddelbar suksess.

Likevel har du høyrd låtane frå denne plata før, gong på gong, i filmar, på radioen, eller ein eller annan plass i bakgrunnen medan du slit med å få tak i akevittglaset mellom alle ribbebitane. Plata har vakse til å bli ein gedigen musikalsk klassikar, trass i ein noko trong fødsel, og inneheld dei mest kjende amerikanske julesongane med artistar som the Ronettes, the Crystals og Darlene Love, ikledd den karakteristiske “Wall of Sound”-produksjonen til, allereie då, smått ustabile Phil Spector.

No sit han inne for drap, men denne kvelden tek The Dreamliners med venner deg med attende til dei glade 60-åra. “A christmas gift for you from Phil Spector” frå start til slutt, med blåserekke, kordamer og energisk komp. Glitrande pynt, glitrande kostymer og glitrande musikarar gjer denne kvelden til den beste juleoppladinga!

Det skulle med andre ord ikkje stå på julestemninga.

Legg til ekstern kalender…