TENK OM

NY MUSIKAL FRÅ SUKSESSDUOEN BAK NEXT TO NORMAL.

Kva har eigentleg dei små vala du gjer kvar einaste dag å seie for resten av livet ditt? Kanskje alt?

Tenk om handlar om ei kvinne – men to ulike skjebnar, to parallelle liv. Kjærleik, miljøkamp – og moderne byplanlegging – er tema i denne ferske New York-musikalen, som er blitt til ei ekte Oslo-historie.

Vi møter Marianne: 38 år gamal byplanleggar som nyleg har flytta tilbake til Oslo etter 10 år og ekteskapshavari i Sogndal. No er ho klar til å starte på nytt og har ein avtale med Liv og Lukas i parken. Liv er barnehagepedagog og naboen til Marianne, dei har nett blitt kjent. Lukas er ein kompis frå studietida og ein engasjert miljøaktivist og husokkupant, som er ei drivande kraft i den folkelege aksjonen «Fjordbyen for alle». Vi følgjer no to moglege utviklingsspor for Marianne – to parallelle livsløp – eitt som Mari og eitt som Anne. Mari blir verande i parken med Liv for å høyre på ein heit gatesongar, medan Anne blir med Lukas på ein punktdemonstrasjon.

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…