Darling West (NO) + supp. Burrowing (AUS/NO)

Darling West er ein song og eit band. Songen vart til på ein støl på fjellet, der mange av låtane til bandet har sett dagens lys. Bandet vart danna då Herr Tor Egil Kreken (vokal, banjo, gitar) og Fru Mari Kreken (vokal, gitar, mandolin, mountain dulcimer, munnspill) fann ut at den beste måten å sikre seg kvalitetstid saman på, var å legge til eit felles musikalsk prosjekt på timeplanen. Dei fekk med seg ein musikalsk sjelefrende i Kjetil Steensnæs(vokal, gitar, dobro), som trakterar strengeinstrument på ein måte som ville fått David Rawlings til å nikke anerkjennande.

I 2014 gav bandet ut si fyrste plate, Winter Passing, som vart belønna med Spellemannsnominasjon i countryklassen. No er dei snart ferdige med innspelinga av sitt andre album, og slepp fyrste singel ”Vinyl And a Heartache” 29.januar på Vestkyst Records. Der debutplata stod godt planta i den gamle amerikanske folkemusikken, er den nye like mykje inspirert av country- og singer-songwritertradisjonen.

Av musikarar bandet ser opp til, kan nevnast gamle heltar som Dock Boggs, Doc Watson, John Prine og Townes Van Zandt men også nyare navn som Gillian Welch, Kasey Musgraves og Jason Isbell.

Gjennom Mari si fengslande stemme og leikande mandolinspel, Tor Egil sin, iblant drivande, iblant vemodige banjoplukking og Kjetil sin kraftfulle, samtidig lyriske gitartraktering gjev Darling West noko ærleg og ekte til alle som tek seg tid til å lytte.

Sagt om ”Winter Passing”:

”Bunnsolide, gode fengende låter!” …. ”Dette er et spesielt godt debutalbum.”
-Kulturnytt NRK P2 20.mai 2014.

”Tett og flott samspill med masse energi, intensitet og tilstedeværelse, en drivende dyktig vokalist med særpreg og låter som fenger fra første til siste spor”. Terningkast 5
-Romerikes Blad 8.mai 2014

”Resultatet er ei plate like stillferdig og fredelig som lyden av dugg som legger seg i Appalachene, strøket der denne musikken har grodd fram.”
-Wandrups Utvalgte i Dagbladet 23.mai 2014

www.darlingwest.no

www.facebook.com/pages/Darling-West


CC: 150,- (+ billettavgift)
ID: 20 år
Konsertstart: 21.30
Billettluken åpner: 20.30
Bar/Restaurant åpner: 16.00
Forsalg på www.hoopla.no

Legg til ekstern kalender…