Maria Kalaniemi & Timo Alakotila

[Bilde]

Trekkspeldronninga Maria Kalaniemi og pianisten Timo Alakotila har spelt saman i over 20 år. Musikken er drøymande og oppfarande, tung og lett på ein gong, tidlaus og kontemporær, alt saman framført med ein lyttande og komplimentær viritousitet der dei utfyller og utfordrar kvarandre til nye høgder.

Timo Alakotila er ein av Finlands mest aktive og nytta musiker, komponist og arrangør. Han starta opp i gruppa JPP saman med Arto Järvelä i 1982, og har sidan spelt, arrangert og komponert for ein enorm mengde artistar innanfor folk, pop, klassisk og jazz. Timo trakterer alle slags tangentinstrument, og er godt kjend her i landet etter samarbeid med m.a. Linda Gytri og turnear med gruppene Nordic Tree og JPP.

Maria Kalaniemi er ein av dei leiande trekkspelarane i Finland. Ho er utdanna ved Sibelius-akademiet der ho no er læremeistar for komande stjerner. Ho har gjeve ut mengder med plater med mange forskjellige grupper og konstellasjonar og har turnert store delar av verda.

Vel møtt til konsert med to av dei mest trendsetjande musikarane frå Finsk folkemusikk over fleire tiår!

Maria Kalaniemi – trekkspell, Timo Alakotila – piano

Legg til ekstern kalender…