FpT #5: MOLSKY/JÄRVELÄ/EGELAND

[Bilde]

Superfelespelarar frå tre land inntek Riksscenen og Folk på Torsdag: Bruce Molsky (US), Arto Järvelä (Fin) og Ånon Egeland!

Bruce Molsky ein jødisk musiker frå New York med oldtime musikk frå fjellkjeda Appalachene som spesialfelt. Bruce har spelt verda rundt som soloartist eller i gruppene Mozaik og Fiddlers4, og har samarbeidd med musikarar som Mark Knopfler, Mike Seeger, Andy Irvine, Ale Möller samt vår eigen Annbjørg Lien opp gjennom åra.

“The Rembrandt of Appalachian fiddle.” – Darol Anger
“There’s an incredible power of history and tradition in his vocals.” – Linda Ronstadt

Arto Järvelä (fele, mandolin) frå Hattula er kjend som “den travlaste mannen i finsk folkemusikk” og ein av dei aller beste felespelarane frå landet med dei tusen sjøane. Han har grunnlagt, eller er medlem i, grupper som JPP, Helsinki Mandoliners, Lumisudet (med Erik Hokkanen), Aldargaz (med Maria Kalaniemi) Pinnin Pojat (med Kimmo Pohjonen), Koinurit m.fl.
Arto Järvelä are responsible for radical reinventions of Finnish roots music” -Singout magazine

Ånon Egeland er ein av dei mest innflytelsesrike spelemennene me har her i landet. Han trakterer hardingfele, fele, munnharpe og fløyter og er særleg kjend for si omfattande kunnskap om folkemusikken i Agder. Ånon har medvarka på eit tosifra antal plater, og fekk spelemannsprisen i 1977 saman med Per Midtstigen.

Bruce Molsky – fele, vokal, banjo, Arto Järvelä – fele, mandolin, Ånon Egeland – fele, hardingfele, munnharpe, fløyter

Legg til ekstern kalender…