FpT #9: ODDE/SULHEIM/BRIMI

[Bilde]

Små bygder fostrar ofte unormalt mange musikarar eller kunstnarar i høve folketalet, og Lom i Gudbrandsdalen er definitivt ei av dei bygdene. Dei tre meisterspelemennene Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Astrid Sulheim kjem alle frå Lom, og er oppvaksne i miljøet rundt Lom Spelmannslag.

I dette høvet har dei samla troppane for å gjera ei plate for å heidre spelemannen Sjugurd Garmo (1896-1991) og musikken hans. Sjugurd var lenge ein sentral person i spelmannslaget, og var i tillegg ein meister til å komponere slåttar, som han gjorde over 50 av.

Denne utgjevinga er fullt og heilt dedisert musikken av og etter Sjugurd Garmo, og det vert formidla både gjennom solospel og samspel av dei tre spelmennene, som stort sett har det same musikalske grunnlaget, men som likevel har kvar sin karakteristiske stil.

Vel møtt til konsert i Sjugurd Garmos rike!

Aslak Brimi – fele, Astrid Sulheim – fele, Bjørn Kåre Odde – fele

Legg til ekstern kalender…