FpT #11: TRIAKEL

[Bilde]

Triakel er eit av Nordens vakraste eventyr!
Vokalist Emma Härdelin, felespelar Kjell-Erik Eriksson og Janne Strömstedt på trøorgel er alle godt etablerte i den svenske folkemusikkeliten i mange ulike band og prosjekt, og gjennom Triakel får dei utspring for alle sine sentimentale og lyriske sider.
Gruppa starta opp som eit nyttårsløfte etter at Kjell-Erik og Janne gjorde ei avtale om å spela konsert for trøorgel og fele i desember 1994, noko som vart særs godt motteke. Duoen vart forsterka med Emma på vokal og Triakel var komplett. Etter det har trioen turnert over store delar av Europa samt Japan, Canada og USA.

Triakel har gjeve ut fem eigne CD-plater frå debuten i 1998 pluss singelen “Innan Gryningen” saman med Benny Andersson i 1999. Felles for alle platene er at dei har fått gode tilbakemeldingar frå både presse og publikum, noko som har ført til at dei fleste er gjevne ut på lisens i Tyskland, USA og Japan samt eksportert til ein mengd andre land.

Emma Härdelin – song, Janne Strömstedt – trøorgel, Kjell-Erik Eriksson – fele

Legg til ekstern kalender…