FpT #14: DANSEKONSERT! -MORKEN/FJERDINGØY/LJONES

[Bilde]
OsloFOLK sitt konsept Dansekonsert har vorte ein populær gjengangar på Riksscenen, og nummer to denne våren reiknar me med at ikkje vert noko unntak frå den regelen. Som vanleg inviterer OsloFOLK musikarar me tykkjer er av dei aller best til å spela til dans, og legg vekt på variasjon i programmet, både i dansetype og instrumentering.

I vårens andre runde av dansekonsertar kjem felespelar John Ole Morken frå Ålen i Sør-Trøndelag, Hilde Fjerdingøy frå Longyearbyen trakterer torader medan Mari Skeie Ljones frå Faaberg tek seg av dansespel frå Gudbrandsdalen.

Dans og lytt deg gjennom bygdedansar og runddansar frå tre av landets aller beste utøvarar på instrumenta sine. Kvelden er akustisk, og det er godt rom for både dansing, lytting, sansing, nyting og sosialisering. Velkomne til ein god, gamaldags dansekveld – få på deg dansesko og finn vegen til Riksscenen!

John Ole Morken – fele
Hilde Fjerdingøy – torader
Mari Skeie Ljones – fele

Legg til ekstern kalender…