PAINTING THE NIGHT UNREAL MOTORPSYCHO KONSERTPLAKATAR 1991–2016

[Bilde]

3. juni–27. august

I over 25 år har rockebandet Motorpsycho turnert i inn- og utland. Like lenge har arrangørar og designarar laga plakatar til konsertane deira. Painting the Night Unreal syner nokre av plakatane til Motorpsychos konsertar frå åra 1991 til 2016.

Samla dokumenterer dei kor og når Motorpsycho har spela, men også korleis eitt og same band har inspirert eit vell av visuelle uttrykk. Her finst fotografi og figurteikning, ulike trykkteknikkar, stilar og symbol, populærkulturelle referansar og fri fantasi, eksperimentelle former og art nouveau, vikingar, astronautar, masker, venger, og motorpsykotiske
grønsaker. Konsertplakatane er oppslag og nøktern informasjon, men også små sjølvstendige kunstverk; vakre estetiske objekt, bilete frå uverkelege netter.

Plakatane i utstillinga Painting the Night Unreal er del av samlingane til Rockheim og Nasjonalbiblioteket.

Legg til ekstern kalender…