FpT #9: Casey Driessen og Hans & Rasmus Kjorstad

Den grammynominerte feleviritousen Casey Driessen kjem til Oslo og Riksscenen med fela si for å gjera workshop på onsdag og konsert på torsdag. Han delar kvelden på Riksscenen med dei to unge og særs lovande gudbrandsdølene Hans og Rasmus Kjorstad som slepper plate denne kvelden. Casey Driessen (US) er eit heilt band heilt åleine! Med eit ukjend antal teknikkar på fela si loopar han seg sjølv og syng på toppen, og resultatet vert ein bluegrass du ikkje har høyrt maken til. Han har nytta heile si karriere til å utforske grensene til felemusikken, og han har kome særs langt med den jobben.

“Driessen has asserted his very singular vision of musicality, marrying his freakishly solid fiddle chops with his sort-of-almost-alien ability to loop and layer songs” – Kim Ruehl, The Bluegrass Situation

Casey har gjeve ut tre soloplater samt medverka på skiver med m.a. Steve Earle, Abigail Washburn, John Doyle og Crooked Still. Vel møtt til konsert med ein av dei beste og mest renommerte felespelarane får Apalachene!

“If you’ve ever seen Driessen perform live you’ll swear his violin plays him.” – Nashville Scene

Casey Driessen – fele

Hans og Rasmus Kjorstad – Plateslepp!
Brørne Hans og Rasmus Kjorstad frå Nordgard Kjorstad i Sør-Fron er to unge og markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg. Når dei spelar saman tek dei i bruk folkemusikkrepertoaret frå Midt-Gudbrandsdalen, og dei tradisjonelle låtane vert framført i gnistrande samspel der dei eksperimenterer med harmonikk, rytmikk og melodiliner som arbeider både med og mot kvarandre. Gjennom improvisasjonar og utstrakt bruk av ulike instrumentteknikkar, har dei som mål å leggje fleire fasettar til folkemusikken – og slik opne den opp for eit nytt publikum.

Hans Kjorstad – fele
Rasmus Kjorstad – fele

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…