FpT #13: FIRO

Med stjerneskotet Mari Midtli i spissen, er FIRO ein spennande kvartett som folk vil få stifte nærare bekjentskap med denne hausten. FIRO er ei gruppe samansett av fleire av landets beste utøvarar på sine instrument. Gruppa tek utgangspunktet i det tradisjonelle tonematerialet frå Gudbrandsdalen i eit tett, leikande og friskt samspel kor både vokal- og instrumentalmusikken er sterkt representert. Mari Midtli (fele, vokal): Mari er ei av dei største talenta vi har innan norsk folkemusikk. Ho har spesielt markert seg som ein dyktig kvedar og har allereie vunne fleire prisar for sitt talent, mellom anna Fureprisen i 2014 og Toneprisen i 2015. Mari går no siste året på landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule, og skal ha fri frå studiane neste år for å jobbe meir med musikk.Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj): Etter sin eksamen ved Norges musikkhøgskule i 2013 har Bjørn Kåre levd som musikar på heiltid. I 2014 spelte han ”spelemannen” i musikalen ”Spelemann på taket” på Det Norske Teatret, og han har vore solist med fleire av landets beste kor og orkester. Han har også vunne fleire prisar for sitt felespel, mellom anna Fureprisen i 2011 og Toneprisen i 2013. Mads Erik Odde (trekkspel): Mads Erik har ein bachelor frå Norges musikkhøgskule og går no fyrste året på master kor han fokuserer på å spele og arrangere slåttemusikk på trekkspel. Trass sin unge alder har han allereie vunne klassa for solo andre instrument på Landsfestivalen tre gonger. Mads Erik er aktiv i fleire konstellasjonar, og er ellers brukt mykje som dansespelemann. Øyvind Sandum (trekkspel, torader, harpeleik): Øyvind er den mest meritterte gammaldansmusikaren i Noreg, med over 20 gull på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Han er utdanna lærar og er i tillegg utdanna utøvande folkemusikar frå Ole Bull Akademiet. Han er ein musikar som er med i mange konstellasjonar, og trivst like godt med å spele til dans som å stå på konsertscena.

Øyvind Sandum – trekkspel, torader
Mari Midtli – vokal, fele
Bjørn Kåre Odde – fele
Mats Erik Odde – trekkspel

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…