Klangkveld #5: Elida Høgalmen m.m.

[Bilde]

Elida Høgalmen si søkjande, insisterande og undrande stemme drar oss inn i hennar forunderlege og melankolske sinn av kjensler. Gjennom dissonerande vokalharmoniar byggast ein stille intensitet opp. Med eit utforskande band i ryggen skapast spanande komposisjonar og grasiøse melodilinjer som løftar hennar særeigne vokaluttrykk, og gir oss fengslande oppturar med gåsehud. Elida har fanga oss.

[Bilde]

Andreas Høvset kjenner me best som låtskrivar, produsent og vokalist i Verdensrommet (såg du konserten under Vill Vill Vest?!). Men Andreas har mange sider, som blir avdekt ei etter ei om dagen. Både gjennom Verdensrommet, som har endt i ei finurleg deilig blanding av indie, jazz, hip hop og elektronisk musikk, saman med Emir Sushi, og solo. Me har spurt om å få vera fluge på veggen i studioet, som me i høve klangkvelden er flytta til Viccen.

Nesten Kult er Anna-Victoria, Xin og Haley, som kvar veke tar deg gjennom eit bestemt tema innan musikken; alt frå fest til breakups. Dei inviterer gjester med kul musikksmak, opnar sinnet ditt i spalta Dypdykk og gir deg tips til kva som skjer i verdas beste by; Bergen.

Mato Grytten
I tillegg til å vera produsentane bak Hester V75 sine beats, har Mathias Olaussen og David Grytten blitt velkjente navn på Bergens DJ-stjernehimmel etter debuten på Vibbeklubb under by:Larm i vinter. I tillegg til rapbangarar og anna basstung musikk som får sveitten til å renna på dansegolvet, har visst gutta også ein ting for musikk som inkluderer gitar og bløt vokal. Trur me. Klangkvelden will show!

Legg til ekstern kalender…