LEMUR på Villa Stenersen

10 år er veldig lang og veldig kort tid, på ein gong. Lemur sine 10 år spenner frå punkeklubbar som legendariske Golden Pudel i Hamburg til Nidarosdomen, frå Taipei til Tromsø, frå kvartettimprovisasjon til symfonisk besetning. Me feirar jubileet saman med Nasjonalmuseet, som opnar fantastiske Villa Stenersen for to gratiskonsertar og plateslepp av vårt nye album Mikrophonie. Du får også sjå våre fire videoar spelt inn i ulike rom i bygget, sjekke ut dei gamle platene våre, kikke på boka me har gitt ut og bla i partitura våre. Om du vil komme på begge konsertane er det også greit.

MEN! Du må registrere deg:

18.00 goo.gl/gH31qv
19.30 goo.gl/5r8CLG

LEMUR
Bjørnar Habbestad, fløyter
Hild Sofie Tafjord, horn
Lene Grenager, cello
Michael Duch, kontrabass

Legg til ekstern kalender…